Den skal gi eit regelbunde og oppsøkjande tilbod til:
- A. Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år.
- B. Psykisk utviklingshemma i og utafor institusjon.
- C. Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.
- D. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret.
- E. Andre grupper som fylkeskommunane har vedtatt og prioritere.
Ungdom har rett til redusert pris på tannhelsetenester frå det året dei fyller 19 år, og til og med det året dei fyller 20 år. Tannlegen kan opplyse nærare om dette.
Fylkeskommunen har ansvar for å yte naudsynt tannbehandling til langtidsinnsette i fengsel. For meir informasjon om dette kan du ta kontakt med fengselshelsetenesta i det aktuelle fylket.
Asylsøkjarar og flyktningar i statlege mottak kan få informasjon om tannbehandling hos fylkestannlegen.
Den fylkeskommunale tannhelsetenesta skal organisere eit gratis oppsøkjande tilbod om tannhelsehjelp til rusmisbrukarar som får tenester frå kommunal rusomsorg, og er i langvarig behandling i helseinstitusjon eller LAR. Nokre kommunar har organisert lågterskelhelsetilbod der tannbehandling er ein del av behandlinga.
Befolkninga elles må sjølv betale for tannbehandling.
I einskilde tilfelle er det mogleg å få refusjon frå HELFO. Tannlegen kan gi fleire opplysningar om dette. Til ordinær tannbehandling, der det ikkje blir gitt refusjon frå HELFO, er det mogleg å søkje om økonomisk sosialhjelp frå kommunen før tannbehandlinga startar. Slik sosialhjelp blir bare gitt dersom vedkommande sjølv ikkje har økonomiske middel. Kommunen kan gi nærare informasjon om ordninga med økonomisk sosialhjelp.